I vår var eg meddommar i ei rettsak der han som var tiltalt, hadde seldt konsertbilletter på nettet og fått betaling på Vipps, utan at billettane vart levert. Samla tapte kjøparane omlag 10 000 kr.

Han vart dømt for bedrageri, men på grunn av ein vanskeleg livssituasjon fekk han samfunnsstraff.

Samfunnsstraff er eit alternativ til fengselsstraff ved at den dømte gjer samfunnsnyttig arbeid på fritida utan betaling.

I vår har dei som har jaktrett på vestområdet i Snøhetta, fjellstyra og private, seldt kalvekort på kalvar som ikkje finnst.

Sjøl om teljinga viste at det berre var 317 reinar i området, bestemte villreinutvalget og villreinnemda at det kunne skytast 60 kalvar. Då kalvane skulle reknast i juni, var det ingen å sjå. I fjor rekna dei 30.

Dersom det i år og er 30 kalvar her, er eit sal på 60 kalvekort bedrageri. Det er eit sal av noko som ikkje finnst.

https://lovdata.no/lov/2005-05-20-28/§372.

Ein kvote dobbelt så stor som bestanden, er og i strid med viltloven. Jakt er hausting av eit overskot.

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1981-05-29-38/KAPITTEL_5#KAPITTEL_5

Ein eller fleire kortkjøparar bør melde kortsalet som bedrageri.

Jakta på vestområdet må uansett stoppast.

Erling Rød